Skip to content

Det lyser i stille grender

Popularity · Low

YouTube

Searching YouTube...

Lyrics

1. Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held. 2. Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall, som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall. 3. Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng, men englane song der ute på Betlehems aude eng. 4. Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by den evige himmelsongen som alltid er ung og ny. 5. den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt om barnet, Guds Son, vår sonar som døden for evig batt.