Billy Blue og Sally Ann
Popularity · Low
YouTube
Searching YouTube...
Lyrics
Billy fór te Bergen.
Han stakk av i stjålen bil.
Den blei rappa ifra vergen.
Ganske frekt og dårlig stil.
Så Billy Blue va litt på rømmen
når di møttes fysste gång.
Sally kom fra Skjoldastrømmen,
og landeveien den e lång.
Kan eg få sitta på? sa Sally.
Det e så långt å gå.
Så hopp inn då, svarte Billy,
eg har ferja eg ska nå.
Kor komme du ifra? spør Sally,
og ka har du for et navn?
Sjøl blir eg kalt for galne Sally,
men eg hette Sally Ann.
Billy va ein røvar,
og han røva Sally Ann.
Hu Sally blei bestøva,
så nå vente di Johan.
Eg vil te presten, eg, sa Sally.
Du ska bli min ektemann!
Eg vett 'kje eg, sa Billy.
Eg vett ikkje om eg kan.
Billy gjorde brekk.
Han brøyt seg inn på byens pol.
Sally hu va med,
og dei fant trøst i ein reol
heilt te alarmen gjekk og purken kom
og ba om Billys fulle navn.
Då seie Sally: Han heite Billy. Du!
Han heite faktisk Billy Blue.
Di blei begge bura inne
og satt trygt bak lås og slå.
Eg konne se det, sa den blinde.
Eg såg veien det sko gå.
Hu Sally Ann va ganske galen.
Og Billy Blue e frekk som få.
Dei va begge litt på rømmen.
Nå e det Johan di vente på.