Skip to content

Norrønaprogen

Popularity · Low

Listen

YouTube

0:00 / 0:00
Loading YouTube player...
Lyrics offset
Synced

Lyrics

TVISYN Tvisyn fekk tak i det høhe det låge rælet og rauvi arvesylvet baki Tvisyn tek saki å bosta dusten av Vinje-venen og skalde-Aukrusten Tvisyn ser saki hønstre og vegre frå midt på treet og sidone tri Tvisyn tek tak i sitt kvervande vidsyn vil gjera sitt einsyn til eit blenjande trisyn Kvar hev det vorte av ljodet som ljoma i hjartom, so jordi gjekk fram att ny! Åndi, som ovra seg, ordet, so oma - ørni, som skar gjenom skinande sky! Kvar er den sigrande allkjærleiks-hugen, som blømde ein gong gjenom blodeim og brand? Og kvar er den urædde norrønahugen, som vilde og våga og gjekk på og vann? Kvar hev det vorte av hugen som sprengjer - eg ser ikkje sprøyt utav hjarteblod! Kvar hev det vorte av kloi, som flengjer - eg ser ikkje hogg etter ørneklo! Visst er det mun i at målet er gullgodt, arven vår urøyvd og folket vårt fritt. Men nok er det ikkje, at sverdet er fullgodt: Kann du'kje svinge det, er det 'kje ditt. Hovding, som leika med tri sverd i lufti, blånande blanke og oddane upp, - dans utpå årom, og menn innpå tufti, vågspel i storm over hyljande djup... NORSKDOM Elden som logar løynd allra inst Ein stad i natti veit eg han finst Skirast brenn han i viddevinden Klårast skin han på borgtinden Kjensla frå fjelli stormar i hugen dreg meg burt frå stillstandsmugen Lat meg brusa bresta og trå Du er æva eg venta på. Tvihugen kvir seg, og halvhugen skvetten rid ut på vegen og tor' ikkje fram! Veikhugen vik for ein holmgang med vetten, - slikt er då meir enn halvonnor skam. Urred og rak stod den gjæving på føtom, som våga sin von i ein strålande strid, då song det i hjarta, då saud det i røtom: sterk i si tru stod han einfengd og fri. Då song det i hjarta, då saud det i røtom: sterk i si tru stod han einfengd og fri. Desse, som likar eit lystande løynand', lat dei no liggje og røyte med sitt! Kvar den som vil seg eit hardsaste røynand', fat no sverdet og svinge det fritt! Ris upp og ro ut i strålande stormen. Stå 'kje og sei at det finst ikkje råd! Endå rundt verdi lig Midgardsormen, - endå so veit me at uråd er råd. Det store, det f__re, det mystiske ljodet, klangen i bila, som rustar på vegg, må vakne i kjensla og fengje i blodet, so viljen vår ris upp med kløyvande egg! Spenne no vil me femtande veggen! Sprengje no lyt me den småf__re form og fram etter storfagre, skinande eggen, um det so òg vert i rjukande storm! Høgfjelli lyser so glitrande grøne, fossande fjellvatnet bryt ut med magt. Fram skal det springe, det nye norrøne, i rytme med stålklang og hallingtakt! Spring ut som rosor of runer i svellet! Spring ut i sjodande midnattmystik! Spring ut som uppkoma blank uppi fjellet! Spring ut i vilje og ståklædd lyrik! VIDSYN Millom draumrenningar Vilde Tvisyn veva - Skriva i sanntid og i samtidi leva Fly frå det by-norske bore gjenom juvi til det bygde-norske ved tindeføtene Kliva det berg-norske mot himmelvarden og det myte-norske - attende til kjeldune Ein mytomann lyt fylgja kallet Å nækja seg sjølv for å klæda deim alle Det store, det f__re, det mystiske ljodet! Det store, det f__re, det mystiske ljodet, klangen i bila, som rustar på vegg, må vakne i kjensla og fengje i blodet.