Skip to content
Lyric
Dive
Public playlists
My playlists
Search
Sign in
Jentene i Sunnhordland
Bris
Popularity · Low
+
Original
0
0
YouTube
Searching YouTube...
Lyrics
Original
Translation
Bilingual
Eg har reist omkring i verda
Tatt meg jobb i nord og vest
Vore røyrleggjar på Aukra
Og sveisar i Hammerfest
Eg har kjent så monge jente
Nokre tok eg i min favn
Men eg gløymde aldri jentene
Som bur i Sunnhordland
Ei blond og blåøygd i frå Halsnøy
Ei fra Bømlo med raudt hår
Ei mørk og mystisk i frå Leirvik
Som eg møtte i fjor vår
Om ikkje hårfargen var ekta
Eller blir så brun på nokon strand
Kjende eg ne att på slekta
Dei som kjem frå Sunnhordland
Så reis med robåt til Kina
Med kamel til Samarkand
Kryss den ekvatoriale lina
Vass te knes i ørkensand
Men om du har tenkt å finna
Den ekte vakre varme kvinna
Må du reisa rake vegen heim te
Sunnhordland
Har drokke bittert øl i Soho
Og genever i Amsterdam
Har vorte kasta ut frå barar
I frå Brooklyn til København
Men om eg har gått på trynet
Av fjorten drinkar og ein dram
Har eg aldri mista synet te
Jentene i Sunnhordland
Så reis med robåt til Kina
Med kamel til Samarkand
Kryss den ekvatoriale lina
Vass te knes i ørkensand
Men om du har tenkt å finna
Den ekte vakre varme kvinna
Må du reisa rake vegen heim te
Sunnhordland
Men om du har tenkt å finna
Den ekte vakre varme kvinna
Må du reisa rake vegen heim te
Sunnhordland