Skip to content
Lyric
Dive
Public playlists
My playlists
Search
Sign in
Valle Auto Og Bensin
Lillebjørn Nilsen
Popularity · Moderate
+
Original
0
0
Listen
YouTube
1
2
3
0:00 / 0:00
Loading YouTube player...
Lyrics offset
Synced
Lyrics
Original
Translation
Bilingual
Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin
Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald
Og eg spurde: Vil du vere venen min?
Men ho svara at: Eg er nok ikkje fri
Eg har ein som eg vil elske all mi tid
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann
Som kan spele slik som berre setesdølar kan
(Og særleg om han speler Sordølen, da)
Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler
Men du kan vel også følgje med?
Eg blei svartsjuk og sa: Eg vil'kje ha det der!
Denne fela der skal jaggu halde fred!
Og så la eg med gitaren på mitt kne
Og eg øvde trutt og talde: ein to tre
Og då helga kom så sa eg: Snille jenta mi
No skal eg få spele danselåta di!
(Og så spelte eg Sordølen, da)
Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal
For ho visste ikkje kven ho ville ha
Og slik er det med ei jente som er dansegal
Ho kan like gjerne svare nei som ja
Så no sitt vi her og speler både to
Og ute der på golvet svive ho!
Og i morgon som ho søv den beste svevnen sin
Må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin