Skip to content
Lyric
Dive
Public playlists
My playlists
Search
Sign in
Angelica
Odd Nordstoga
Popularity · Low
+
Original
0
0
Listen
YouTube
1
2
3
0:00 / 0:00
Loading YouTube player...
Lyrics offset
Synced
Lyrics
Original
Translation
Bilingual
Angelica, Angelica kor er dine draumar i kveld
Eg trur dei gjev deg dei vengene blå
Og silkekjole og krone på
Eg trur dei tek deg bak blånar sju
I milde vindar der flaksar du
Og landar så i ei solfylt vik
No drøymer eg i allfall at eg ser deg slik
Og draumar er til for å finnast
Og den her har eg tenkt til deg
Angelica, Angelica der ventar din kvite hest
Så rir du oppover Gyllendal
Til slottet til Kong Visental
Eg trur at han ventar med alt sitt hoff
Bak bord med dukar i dyre stoff
Og flagget er oppe, musikken på
No drøymer eg i allefall og ser deg så
Og draumar er til for å finnast
Og den her har eg tenkt til deg
Angelica, Angelica dagen er ikkje din
Den er stengt for deg som for oss er fritt
Nei, ingenting av dette her er ditt
Og snøen ligg kald på ei jord av stål
Og det er ingen som har tenkt på å gjøre opp bål
Og slå ut med armar og bjode inn
På varme hendar mot kalde kinn
Men draumar er til for å finnast
Og denne her har eg tenkt til deg
Angelica, Angelica minnast du da me var små
Eg minnast me to i ein båt på ein sjø
På toppane rundt var det enno snø
Og bekkane rann der frå fjella ned
Som kvite stripar i liane
Ja våren den tok oss i handa si
Og midt ned i handa der rodde me
Angelica, Angelica Kom og sett deg
Så finn med att det uskuldige
Og heiar fram det truskuldige
Og ror oss bort i frå dei som vann
Og ingenting skynar, men ingenting kan
Og set vår lit til ein gamal vår
Og veit du i Gyllendal kor det går
Jau, Angelica, Angelica der ventar det deg ein prins
Og alt som gjekk forbi deg her
I Gyllendal stoppar og for deg skjer
Der står du med kløverkrans i hår
Og prinsen rett framfor deg står
Men det er du som strålar, det er du som rår
No drøymer eg i allefall at det er slik det går
Og draumar er til for å finnast
Og den her har eg tenkt til deg